Diskusjon:Lauget for Ganens Nytelse

Fra VeiskilleWiki
Hopp til navigering Hopp til søk

'Laug'?

Eg har tenkt litt på dette, og lurer på kvifor vi kaller denne organisasjonen for eit laug. Laug er jo samanslutningar av håndtverkarar, kjøpmenn eller andre fagfolk i eit gitt område, så då spør eg meg: Kven er det som er medlem i Lauget for Ganens Nytelse? Er det ei samling matkritikarar? Det som skurrar litt i hovudet mitt er at viss dette er eit laug, betyr det at det å vera matkritikar er eit anerkjent yrke i Malderia, og at det godt kan finnast andre uorganiserte kritikarar også. I tillegg ville det vera meir naturlig at rapportane frå dei ulike vertshusa blir gitt ut/gjort kjent av dei individuelle anmeldarane, og ikkje av lauget direkte.

'Laug' er eit omgrep det er litt vanskeleg å få tak på, og eg synes denne bruken gjer det meir ullent enn det bør vera. Eit viktig kriterie for om noko fortjener eit eige laug eller ikkje meiner eg må vera om det ville vore mulig å driva med den aktuelle aktiviteten utan at lauget fanst. I dette tilfellet meiner eg at det er lauget som legg til rette for at det i det heile tatt er mulig å vera matkritikar, og dermed bør det ikkje kallast eit laug.

Slik eg forstår Lauget for Ganens Nytelse (med sponsorar, representantar og utsendingar) er det meir eit 'selskap' enn eit laug. Kan vi gjera ei lita namneendring her? 'Det Malderiske Selskap for Ganens Nytelse', for eksempel?